Viktig informasjon vedr. SpeedyCraft

SpeedyCraft er no i drift og skal nyttast på alle jobbar. Det meste av tilpassingane er på plass. Eventuelle justeringar tek me fortløpande. Dei som jobbar i Vik får installert programmet og får opplæring på fredag 16.12.

Viktig informasjon:

 

Avslutt «gamle» ordrar

Det er mogleg at enkelte kan få fått ordrar dei alt har avslutta tidlegare. Desse må avsluttast på nytt. Ber om at alle avsluttar alle ordrar som skal avsluttast, innan fredag 16.12 kl. 08.00

Avslutt ferdige ordrar

Alle ferdige ordrar må avsluttast snarast slik at me kan få sendt faktura innan årsskiftet.

Hente manglande ordrar

Alle aktive ordrar er no sendt ut til SpeedyCraft. Me får dessverre kun sendt ordrane til hovudansvarleg. Dersom du er deltakar på ein ordre, og ikkje har fått ordren i SpeedyCraft må du sjølv hente ordren frå server før du kan føre timar/materiell. Om du har problem med å hente spesielle ordrar kan du kontakte Marit for å få hjelp.

Dokumentasjon

All dokumentasjon skal no utførast på SpeedyCraft. Alle relevante sjekklister er lagt ut. Ta kontakt med ein PL dersom det er sjekklister som manglar eller er feil.

Lønsart

Det er viktig at ein vel rett lønsart ved timeføring. Sjå informasjon på Intranett: https://www.holen-installasjon.no/ikks/ Ta kontakt med Marit eller ein annan god kollega dersom du framleis er i tvil om kva som er rett lønsart.

Avvik

Det er lagt ut ei sjekkliste for avvik som skal nyttast til alle avviksmeldingar. Lista kan koplast mot ordre, eller sendast utan ordretilknyting.

Synkronisering

Enkelte opplever problem med synkronisering. Sjekk at «Profil 1» er valgt i synkroniseringsinnstillingar.

 

Forrige
Forrige

Vaktordninga - Ledig vakt

Neste
Neste

Opplæring SpeedyCraft 13.12.2016