Invitasjon til opprykksfest søndag 25.10 kl. 11:00
Holen Installasjon er stolt kampsponsor av Sogndal sin siste heimekamp i år. Me vil få ein eigen losje med matservering, informasjon frå trenar/sport, feiring av opprykk og kanskje seriemeistarskap og eit eige område på tribunen.
PROGRAM
Kl. 11:00 VIP-området opnar.
Kl. 11:30 Matservering frå Quality Hotel
Kl. 12:00 Informasjon frå Sport
Kl. 13:00 Kampstart
Kl. 13:45 Pause med varmt og søtt
Kl. 14:00 2. omgang
På grunn av serveringa vil me gjerne ha ein oversikt over kor mange som vil delta. Ber difor om påmelding til etterarbeidstid@holen-installasjon.no eller SMS til 97003361 (Agnar) innan FREDAG kl. 12:00.