Grenser for direktemåling i samband med innføring av nye AMS-målarar

Det er noko forvirring rundt grenser for direktemåling i samband med innføring av nye AMS-målarar.

Sognekraft stadfestar at grensene for direkte måling eller trafo-måling IKKJE vert endra.

Grensa for bruk av direktemåling har vore og vil framleis være 80 A og maks 16 mm2 sløyfe.

Dei nye målarane er bygde for 100 A , men tek ikkje meir enn 16 mm2 tverrsnitt.

Dette betyr at for OV over 80 A skal det etablerast trafo-måling.

Uansett vil valg av målemetode være gjenstand for vurdering frå vår side og vil verte handsama som respons på ei førehandsmelding innehaldande relevante opplysningar om kva som skal skje i målepunktet.

Forrige
Forrige

KNX-sertifisert

Neste
Neste

Invitasjon til montørkveld