Eliaden 2018
Det blir lagt opp til at dei som ynskjer kan reise til Eliaden i år. Me planlegg avreise med privatbilar rundt lunsjtider onsdag 30.mai og retur torsdagen. Det må innarbeidast tid eller søkast om ferie/fri utan lønn. Etter avtale med Solar dekkar dei halvparten av overnattingskostnadane til hotell i Oslo. Resten må kvar enkelt dekke. Detaljert info om turen kjem seinare. Pga lite hotellkapasitet rundt tiden for Eliaden vil det vera kort påmeldingsfrist til turen. Absolutt frist for påmelding er tirsdag 27. februar.Det blir ikkje sendt noko påminning om dette etter fristen.
Evt spørsmål om turen rettast til Asle Kvam.