Ekstra lønnskøyring Des 2015

På grunn av endringane i skattereglane i fjor, skal løna høyre til i den månaden den blir utbetalt. So for oss betyr det at desember 2015 MÅ utbetalast i desember 2015.

Me kjem difor til å køyre lønn den 21. desember, med utbetaling den 30. desember. De får då med alle timane fram til 20. desember pluss helligdagsgodtgjersla for juledagane. Det betyr at det ikkje er mange dagane som manglar på feriepenggrunnlaget for 2015.

For at dette skal fungere MÅ timane vere levert/registrert innan 21. des. kl. 08.00. Då hentar eg inn, og det blir ikkje nokon utsettelse! Dei timane som ikkje er levert innan fristen, kjem ikkje med før i 2016! Det blir berre for maks 6 dagar i desember, for dei som jobbar i romjula. Ser at det er ein del som har sett seg opp på ferie då.

De må vere flinke å vere oppdatert på timane dikka, for eg kjem ikkje til å køyre lønn før me er ferdige med januar, altso 1. februar med utbetaling 7. februar 2016.

Dersom nokon har spørsmål til dette, er det berre å ringe meg :-)

Mvh Marit Kvam

Forrige
Forrige

Jostein har slutta

Neste
Neste

Juleferie 2015