Ekstra lønnskøyring Des 2014
Ekstra lønnskøyring Des 2014
På grunn av nye reglar i skatteetaten, skal no lønna høyre til i den månaden den blir utbetalt. So for oss betyr det at desember 2014 lønna kjem på januar 2015, viss me betalar den ut på slik me alltid har gjort (den 7. i mnd etterpå). Då blir feriepeng grunnlaget for 2014 berre for 11 mnd.
Me kjem difor til å køyre lønn den 22. desember, med utbetaling den 30. desember. De får då med alle timane fram til 21. desember pluss helligdagsgodtgjersla for juledagane. Det betyr at det ikkje er mange dagane som manglar på feriepenggrunnlaget for 2014.
For at dette skal funfgere MÅ timane vere levert/registrert innan 22. des. kl. 08.00. Då hentar eg inn, og det blir ikkje nokon utsettelse! Dei timane som ikkje er levert innan fristen, kjem ikkje med før i 2015! Det blir berre for maks 4 dagar i desember, for dei som jobbar i romjula. Ser at det er ein del som har sett seg opp på ferie då.
De må vere flinke å vere oppdatert på timane dikka, for eg kjem ikkje til å køyre lønn før me er ferdige med januar, altso 1. februar med utbetaling 7. februar 2015.
Dersom nokon har spørsmål til dette, er det berre å ringe meg :-)
Mvh Marit Kvam