Reduser brannfaren med termografering

Med termografering kan ein enklare finne uregelmessigheiter som kan føre til brann i elektrisk anlegg.

Termofotografering - eller termografering på fagspråket - kan enkelt forklarast med at ein tek bilde med termokamera for å registrere uregelmessigheiter i sikringsskap, kablar, koblingar, motorar - som i sin tur kan føre til brann i det elektriske anlegget.

Holen Installasjon er NEMKO-sertifisert(NEK 405-1) og tilfredsstiller forsikringsselskapa
sine strenge krav til termografering og dokumentasjon.

Privatkundar

Finn farane med el-anlegget du ikkje veit om! I tillegg til å avdekke feil, kan også termografering brukast til m.a. å påvise varmekablar før ein monterar noko fast i eit golv. 

Landbruk

Landbrukets brannvernkomité tilrår at landbruksbygg gjennomgår el‐kontroll med varmesøkande kamera, utført av sertifisert kontrollør. Ver også klar over at hvis du er kunde i Gjensidige og medlem av Norges Bondelag får du kr. 5 000 i tilskot.

Næring

Termografering kan gjerne inngå som ein del av det periodiske vedlikehaldet vi gjer for bedrifter.

Vi gir fast pris på termografering!
Ta kontakt med oss for ein uforpliktande prat.

PS! Det er tilrådd å gjennomføre termografering mellom januar og april, då belastninga på el-anlegget er på sitt høgaste.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Slik belyser du stova på rett måte

Neste
Neste

Krav til sertifisering av alle som tilbyr automatisk brannalarmanlegg